Inger Lise Stulien - Watching The Snow


Song og tradisjon står sentralt i livet til Inger Lise Stulien, og med nynorsk og dialekt formidlar ho tekst og melodi med nærleik og varme som rører. Gjennom si sterke tilknyting til språk og kultur, skapar ho ei ekte og inderleg oppleving for lyttaren med songen som ber tradisjonen vidare. Det musikalske landskapet hennar er innan folkevise-pop – ein sjangar der ho flettar inn element frå country, roots og tradisjonell folkemusikk. Inger Lise skriv dei fleste tekstene sjølv, og står også bak fleire av melodiane. Resultatet er eit personleg og ekte uttrykk, der både livs-glede og sorg får plass. Songane hennar spenner frå lettstemde og lyse tonar til melankolske og vakre kjærleikssongar. Andre songar har tema som lengt og sakn, men alltid med ei varm undertone av takksemd og håp. Musikken speglar dei kontrastane vi alle ber med oss – det gode og det såre, det levde livet. Den nyaste singelen, «Stars of Gold», er eit sterkt døme på dette. Songen er skriven til ei ukrainsk kvinne som kom til Noreg som flyktning – eit venskap som har gjort djupt inntrykk på Inger Lise. Trass i eit trist bakteppe, er dette ein solskinnshistorie om håp og ekte menneskemøte. Singelen er innspela i Nashville med produsent Tim Lauer, og Inger Lise har komponert denne saman med dei anerkjende låtskrivarane i USA; Angela og Tim Lauer. Med si unike stemme og sterke formidlingsevne, held Inger Lise Stulien fram med å berøre og begeistre – og å lyfte fram det vakre i både tradisjon og samtid. Minidokumentar om historia bak songen; "Stars of gold".


Keine Kommentare:

Kommentar veröffentlichen